webshop table_product_list
Arctic TABLE TOP
1

Table Top er fyrst og fremst eit system for å dyrke jordbær i torvputer eller potter, og bæra blir hausta i ståhøgde.

Prinsippet er enkelt;
Stativbeina blir skrudd ned i bakken. På toppen sit det eit vinkeljern der ein strekker opp 5 ståltrådar i lengderetningen av rada til å legge torvputene på. Torvputene blir plassert oppå strengene, og vatningsrøyr med spagetti blir montert. På begge sider av planteputene blir det strekt opp eit band som utløparane og blomsterskota kviler på, slik unngår ein at desse knekk.
I ein tunnel med 8 meter breidde er det vanlegvis 5 rader med table top. Det vil seie ca. 650 meter rad pr daa.

Be oss om tilbod dersom du vurderer bruk av table top.

Filter